Til minne om Synnøva Slagstad.
Det er no 20 år siden eg vart uteksaminert som tannlege ved Odontologen i Bergen. Det var ei spesiell tid med oppturer og nedturer. I løpet av ei veke vart eg ferdig med utdanning, eg begynte i ny jobb som tannlege, og mor mi døde av kreft.
Mor mi, «Synna», hadde eit veldig godt lag med barn og unge. Når ho ikkje hadde «opent hus» for sine 5 born, så jobba ho ved barneavdelinga på sjukehuset. Eg markerer derfor 20 års jubileumet mitt ved å gje ei minnegåve på 10.000,- til trivselstiltak på barneavdelinga.
Ho fekk ikkje eit langt liv, men vi er takknemleg for den tida vi fekk. Vi har framleis så mange gode minner.

