Børstemetoder
Når ein skal pusse tennene, enten om det er med ein elektrisk eller vanleg tannbørste, er det viktig at ein bruker rett metode for å oppnå god plakkfjerning. Ein skal jobbe systematisk på kvar tann, frå den eine sida av tanna, til den andre og hugs på å pusse tyggeflata. Elektrisk tannbørste Ein startar med å legge tannbørsten mot tanna i ein 45 graders vinkel, slik at børstehovudet får pusse til tannkjøttet og oppi tanna samtidig. Hold børsten i ro i nokre sekunder før ein fører tannbørsten videre til neste tann. Jobb i nokre sekund på kvar tann, og hugs på framside, bakside og oppi tanna. Det er anbefalt at ein pussar tenna i to-tre minutt morgon og kveld, men bruk gjerne meir tid for å oppnå optimal plakkfjerning. Manuell tannbørste Legg tannbørsten mot tanna i ein 45 graders vinkel, slik som med den elektriske tannbørsten. Beveg tannbørsten fram og tilbake i små bevegelser om gongen. Pass på å ikkje løfte tannbørsten for mykje vekk frå tennene, då det er fort at ein kan hoppe over plassar på tenna. Gjenta desse bevegelsane på framsida, baksida og på tyggeflata. Tannpussen bør vare i to-tre minutt, både morgon og kveld. Pass på at ein ikkje pussar for hardt på tann og tannkjøtt. Dette kan medføre at tannkjøttet trekker seg vekk frå tanna og tannhalsen blir synleg. Dette kan føre til ising i tanna. Har tannkjøttet trekt seg vekk frå tanna, så vil den ikkje "gro" tilbake igjen. Kva skal ein velje? Det er individuelt frå person til person om ein ønsker å bruke elektrisk tannbørste eller manuall tannbørste. Det anerkjende Cochrane-senteret har samla saman forskningslitteratur til ein samlingsstudie.. Dei konkluderte med at den elektriske tannbørsten fjernar bakteriebelegg betre enn den manuelle tannbørsten, men dei kunne berre vise til ein ørliten forskjell. Ein elektrisk tannbørste kan vere god for eldre, pga at det er større handtak og då er lettare å halde i. Barn kan synest at ein elektrisk er morsom og kan sjå på dette som eit leiketøy som kan gjere tannpussen kjekkare. Spør gjerne tannlegen/tannpleiaren din kva dei anbefaler til deg. Hugseliste tannbørste
Kjelder http://www.klikk.no/helse/velvare/test-av-elektriske-tannborster-3687190 https://forskning.no/bakterier-hygiene-menneskekroppen-samfunnsmedisin/2013/02/blir-tennene-renere-med-elektrisk http://www.altomtenner.no/node/10#section-23 https://forskning.no/helse-forebyggende-helse/2017/07/full-forvirring-om-tannpuss http://www.tannlegetidende.no/i/2014/8/d2e1032
0 Comments
|
Siste innlegg
September 2018
|