Vurderer du å bleike tennene? Ulike metoder og bleikemiddel er no tilgjengelig overalt. Det er viktig å gjere det på rett måte slik at man får effekt utan å skade tenner og tannkjøtt. Undersøk tennene først hos tannlege eller tannpleiar. Kva er årsaka til misfarging? Det er ikkje alt som kan bleikast. Misfarga belegg utanpå tennene kan pussast vekk.. Kroner, fyllinger og rotoverflater bleikast ikkje. Erosjonsskader på framtennene kan gjere at dei virker grå og gjennomsiktige. Det er unødvendig med lysbleiking. Undersøkelser viser at bleiking med lys gir ingen tilleggseffekt, men kan gi biologiske bivirkninger og anbefalast ikkje. Klinikkbleiking med lys krever sterkt bleikemiddel. Tannleger har no slutta med klinikkbleiking fordi vi ikkje har lov til å bruke så sterkt bleikemiddel lenger. Det vanligaste i dag er å bruke heimebleiking med bleikeskinner. Dette er individuelt tilpassa skinner som legg bleikemiddelet i, ca eit halvt riskorn ved kvar tann. Så gjer man tennene så tørre som mogleg før skinnene settes på plass. Ved dagbleiking kan man for eksempel bruke det ca 45 min om dagen. Eg bruker å lage skinnene med ein slags forsegling langs tannkjøttskanten. Då vil minst mogleg av bleikemiddelet komme ut i munnen og bleikemiddelet ikkje i så stor grad vert påverka av spytt som siver inn.. Vi bruker to ulike virkestoff: Hydrogenperoxid (HP) eller CarbamidPeroxide (CP) . 10% CP tilsvarer ca 3,5% HP. Enkelte stoffer som man kan få kjøpt har for lav konsentrasjon til at den kan virke. Andre kan vere så konsentrerte at dei kan skade emalje, tannkjøtt og nerve.. Avtal med tannlegen din kva som skal brukast for at bleikingen skal foregå på ein trygg og god måte. Alle responderer på bleiking ulikt. Nokon får god effekt etter dager, mens andre må bleike i veker. Det er ein del markedsføring på sosiale medier om ein svart kulltannkrem som skal bleike tennene. Slike produkt virker ikkje og anbefales ikkje. Ver og obs på at det reklamerast ein del bleikemiddel på sosiale medier som inneheld syre og bør ikkje brukast på tenner. Den vanligste bivirkningen ved bleiking er ising. Dersom man er plaga med sensitivitesproblem bør dette undersøkast først. Mi erfaring er at det er lite sensitivitet om vi gjer dette på ein god måte. Gi beskjed til tannlegen om det er bivirkninger med ising! Hugseliste tannbleiking:
Kjelder: niom.no Nor. Tannlegforen. Tid. 2006;116:616-21 Dentalaegis 2012 Pre-Bleaching Examination (van Haywood) ADA Dental Practice Success 2012 Tray tooth bleaching summary 2016 (van Haywood)
0 Comments
|
Siste innlegg
September 2018
|